Sunday, 31 October 2010

Livet oppned.... eit lite innblikk

Nokre av dykk har prøvd dere frampå med nokre svar på undersøkelsen, og èin har til og med svart rett. Riktig svar var alternativ: Sola går motsatt veg, den står opp i vest og går ned i aust. Dette er ikkje rett. Sola går riktig nok rundt motsatt vei, men den står framleis opp i aust og ned i vest. Når det gjelder dei andre svara så har det erfaringsmessige grunnlaget dessverre forvitra ein del den siste veka. Krisa var eit faktum på torsdag da vi oppdaget at strømmen i vasken plutselig gjekk med klokka! Nøden er stor og vi treng svar frå nokre på den nordlege halvkule: Kva veg går eigentleg strømmen der???! Til vår store lettelse så ser dei to resterande alternativa framleis ut til å vere korrekte for livet her nede. Månen vokser seg framleis stor frå venstre her, eit fenomen eg framleis ikkje forstår. Kvifor skal det vere ein forskjell frå den nordlege halvkule? At stjernebilda derimot er heilt nye, er vesentleg meir logisk.

Nye oppdagingar vil komme!

2 comments:

  1. Fann ut at det vannet renn i hvirvel mot klokka. Altso kan ein trekke klare parallellar til værsystema på den nordlege og den sørlege halvkule, der vindane i eit lavtrykk vil blåse mot klokka her hos oss og med klokka på new zealand. Har nettopp hatt om været med bjørn michalsen.

    Fann og ut at om du teikner ein halvmåne i paint og deretter snur laptoppen på hode, vil halvmånen vere motsatt. Hjelper det?

    ReplyDelete
  2. Eg liker den utrolege simple måneteorien... mitt hode ser dessverre ikkje ut til å takle så simple teorier, så eg overlater til nokre andre å bedømme holdbarheten.

    ReplyDelete