Monday, 11 October 2010

Oxford - New Zealand

Konklusjon etter ei veke: New Zealand er eit merkeleg land. Her er det vår når det er haust heime! Gang på gang har eg tatt meg sjølv i å ikkje vere bevisst på dette sære fenomenet som skyldes at verden står litt på skakke. Kvar gang eg tenkjer på at det er vår blir eg like overraska, og plutseleg så legger eg faktisk merke til alle trea som blomstrar. Dei første dagane trudde eg at eg hadde kome til eit land der våren var i ferd med å gå over til sommer, men ein joggetur i går, samt utsagnet om at snøen låg på tunet for to veker sidan har absolutt fått meg til å revurdere hypotesen min. Opningshelga starte med nydeleg vær og backyard barbecue party. Dagane fortsatte med eit lite kanyon besøk og ein liten strandtur. Alt på fritida. Den første veka på skulen gjekk med til litt innføring i ulike tema, bli kjent, opplæring i ulike oppgaver og ein del sjølvstudium.

Tilbake til gårsdagens joggetur. Denne gangen drog eg for meg sjølv da eg ville ha ein skikkeleg joggetur. Ikkje ein amerikansk ein. Sykla først ein halv time for å komme til ein skog der det etter kartet å døme skulle gå ein del stier, blant anna inn til eit fossefall. Etter å ha forlatt sykkelen i eit buskas var det berre å ta beina fatt. Det heile starta med ein forundring over kor utroleg mange forskjellige trer og planter det kan vokse i eit og samme område. Altså god-stemning. Det begynte å regne, litt først deretter mykje. Det blei skikkeleg regnskog-stemning. Fossefallet blei nådd; vi har ein god del fossefall (les: tusen) som burde vore merka i Norge. Deretter begynte det å snø. Å SNØ!!! Det blei i det heile tatt litt mangel på stemning etter kvart. Etter tre timer i skogen og nok ein halv time på sykkelen på veg heim, så var det ein lett hypotermisk stemning ved ankomst basen. Godt dei veit korleis dei skal isolere husa sine i NZ... NOT!!!

Om skulen kan det kort oppsummerast at vi er 20 studenter, 11 gutter og 9 jenter, hvorav 7 er fra Europa og resten Nord-Amerika. Det er 10 staff som følgjer denne DTSen og til slutt ein del Base Staff. Alle er fantastiske folk og eit morsomt internasjonalt miljø å leve i. Skjønt det må sies at elve gutter på eit rom kan komme til å bli ei utfordring:)

Trur det får vere det for denne gang, så får bilda fortelle resten av historia. Eg lover eg kjem tilbake med nye historier og urovekkande oppdagingar frå eit av verdas ytterpunkt.

Oxford













Staff


 

No comments:

Post a Comment