Tanken om at å leve livet oppned kanskje ikkje er ein velkjent problemstilling for mange av bloggen sine lesarar slo meg her ein dag. Derfor laga eg ein liten spørjeundersøkelse for å finne ut om lesarane forstår realiteten i dette livet. Det kan vere greit, i tilfelle du plutselig blir gjort om til ein edderkopp eller maur for den saks skyld, ender opp i ein vask på den sørlege halvkule og lurer på kva veg du skal svømme. Det verkar vesentleg å ta opp dette temaet da eg er opptatt av lesarane si sikkerheit. Visste du forresten at eg har lagt ned forbod mot å lese bloggen medan du køyrer bil? Greit å vere klar over! Sidan bloggen i det siste har hatt ein del Canadiske lesarar av ein eller annan merklig grunn, vil kanskje nokre seie at desse sikkerheitstiltaka burde vore kungjort i engelsk òg. Og sidan Canada ikkje akkurat er eit overbefolka land, så kan eg jo kanskje vere einig. Eg skal tenkje på det... Tenkje er forresten noko som vi gjer ein del av her.
No comments:
Post a Comment