Veka vi er inne i er via til å lære om kven det er som drar på backpackerturer, kva dei ønskjer å oppnå og korleis man skal møte dei. Vi ser altså på kva som kjenneteikner denne typen mennesker alt etter om det er ein partyfokusert flashpacker (Flashpacker: drar med koffert, bur på hostel fordi det er billigere enn hotell og er lite interessert i hiking) eller om det er adventure backpacker (står gjerne opp om morgonen og flytter ofte til eit nytt hostel). Denne kunnskapen vil nok vise seg svært interessant når vi på utreisen skal møte 1643 backpackere frå heile verden, stifte bekjentskap og gjennnom desse bekjentskapa kanskje så nokre frø og ein interesse for trua på Jesus. One step at a time er tydelegvis noko dei praktiserer på NZ óg, ikkje berre meg på operabesøk. Så i morgon drar vi ein gjeng til Akaroa (ved kysten) for å studere dette mystiske folkeslaget backpackere som har vokst fram dei siste 50 åra. I ekte David Attenborough stil skal vi snike oss så tett inn på dei vi kan kome (gjerne på same sovesal) and see what life is all about. Håper berre kurtisescenene blir utelatt...
No comments:
Post a Comment