KRISA var eit faktum forje fredag!!! Vi var gått tom for peanut butter og neste leveranse skulle ikkje komme før tirsdag denne veka. Det viste seg også å stemme, men sidan dagane inneheld mange hendingar, så har eg dessverre ikkje fått moglegheita til å fortelle De om denne storhendinga før no.
Aller først vil eg berre understreke at det var KRISE! Det vil seie at mange her synest det var KRISE! (Les: Eg klarte meg etter forholdene bra.) No er det jo slik at mange her faster frå tid til annan, så vi kunne jo berre putta inn ein tre dager lang faste, så ville jo problemet vore løst. Godt mogleg nokon gjor det og, utan at eg veit. Eg er ikkje heilt inne i peanut butterets vindunderlige verden.
Tilbake til storhenginga på tirsdag! Leveransen bestod av 40 kg peanutbutter, 2 spann à 20 kg. No tenkjer du sikkert WOW, det var mykje! Men det er det i grunn ikkje. Vil berre informere om at Snowboard DTS-studentane som no er ute på outreach tilintetgjorde 120 kg peanutbutter i løpet av deira undervisningsperiode. Noko som utgjer omtrentleg eit halvt kilo peanutbutter per person per veke. Det skal bli spennande å sjå korleis dei ser ut no når dei kjem heim igjen i løpet av dei nærmaste dagane. I ei veke vil populasjonen på basen vere det dobbelte av normalen, så det tar nok ikkje lang tid før KRISA er eit faktum igjen.
Den naturlege fortsettelsen no, er å gje ei forklaring på kvifor konsumet av peanutbutter er så høyt. Eg vel å gjere dette enkelt og greit ved å ramse opp alle dei ulike bruksområda for dette universelle godet. Vel også å legge til mine eigne synspunkt i parantes.
- På toast med eller utan syltetøy (Faktisk ganske godt i lag med bringebær eller jordbærsyltetøy)
- I sandwich (niste) med syltetøy og musli. (Veldig godt, og det litt fine brødet verkar fort mykje grovare)
- På eple (Jo, ikkje så verst når eg først tørte å prøve det)
- På banan (Nei takk, det blir berre for klebrig)
- På cookies (Har ikkje prøvd, men fornuften seier nei da cookies er kaloribomber allereie)
- På marshmallows (No way!!!)
- Som tilbehør til iskrem
- Eller rett og slett straight! (Jentene her spiser peanut butter med skei... disgusting!)
Det finnes heilt sikkert mange fleire kombinasjoner og bruksområder eg ikkje har oppdaga enda. Lista vil derfor bli fortløpande oppdatert ettersom nye avdekkingar blir gjort!
Haha! Det bare å vende seg til det. Peanøttsmør funker på alt! Spennede lesing:)
ReplyDeletePeanøttsmør er godt. Jif Extra Crunchy. Har berre prøvd på toast og vanlig brød, så kan ikkje uttale meg om dei andre alternativa, utover å sei at eg er noko skeptisk!
ReplyDeleteHar du introdusert dei andre for dei kulinariske opplevingane "skjeve med sylte" og "skjeve med leverpostei"?
Pass på vekta!
ReplyDeletePå en annen side kan jo dette kanskje være din mulighet til å for en gangs skyld ha en manndig vekt! Stå på og spis!
ReplyDelete