Sunday, 14 November 2010

I live!

For ordens skyld vil eg starte med å fortelle at det var eit relativt stort jordskjelv i Christchurch cirka ein månad før eg kom ned her. Dette målte 7,1 på Richters skala og forårsakte ein god del øydeleggelser i byen. Utroleg nok gjekk ingen menneskeliv tapt, og det er mange utrolige historier som vitner om at mange av guds engler har vore spesielt på vakt denne natta. Nok om det, over til helgas opplevelser.

Helga blei slått i hel, spending time in Sumner. Sumner er ein liten forstad til Christchurch, med sandstrand, klipper og klatrefelt i kvar ein krok. Stedet minner ikkje så reint lite om Californias vestkyst, nærmere sagt ein mellomting mellom Santa Barbara og Santa Monica, og rett bak finner du "Beverly Hills". Meir om klatringa på kiler, surfinga på stranda og kvifor vi overnatta hos ei søt Kiwi, opprinneleg britisk jente, kjem kanskje seinare. Men no tilbake til jordskjelv.

Klokka er ti lørdag kveld. Vi sitter i andre og øverste etasje i eit gammalt murhus rett bak stranda. Middagen er nettopp ete opp. Huset rister. Ikkje mykje, ikkje lenge, men nok til å kunne stadfeste at ja det var eit jordskjelv. Det vil seie. Eg trudde først ristinga kom av at vår husvert flytta på seg, noko som medførte ein kommentar i retur lydande som følger: "Kristoffer, if you think I'm fet, then don't cover over it that way!"  Noko som medførte desperat roing på engelsk frå mi side. Det har vore mange etterskjelv etter det store skjelvet, så dette i seg sjølv burde ikkje vere ein nyheit. Vi har til å med trent på å takle jordskjelv. Omtrent ein gong i veka er det nokon på basen som kunngjer at dei kjente eit jordskjelv natta før, men vi gutane ligger i køyer, to i høgda med slike fjærer under madrassa som får alt til å gynge når du eller den over/under deg snur seg, så det er vanskeleg å skille desse skjelva frå resten av gynginga. Så dette var nok min første skikkeleg opplevese av eit jordskjelv.

Kvelden seig på og sjølv helter blir trøtte. Så kvart over tolv, liggande rett ned på det vegg-til-vegg dekkede betonggolvet kom jordskjelv nummer 2! Framleis kort og konsis, men meir enn tydeleg nok. Natta seig på, eg sov min skjønnhetssøvn, vel det kan diskuterast kor skjønn ein blir av å sove rett på golvet, but anyway, vi sov. Neste sekund våkna eg av at huset rista, ikkje slik vennskapeleg dulting som tidlegare på kvelden, men ordentlig risting. Vi satt straks alle rett opp og ned, mildt sagt forfjamsa og i lett sjokk over krafta, men før vi rakk å bli redd så var det heile over. Vår husvert kom ut frå sitt soveværelse, forklarande kor nødstigen var i tilfelle det kom eit nytt eit. Det gjorde det aldri. Skjelvet målte 4,7 og var relativt grunt. Dette er ikkje så mykje, men følelsen av å gå "to bed again" uvitande om det skulle komme meir, ga meg ein heilt ny forståelse for korleis det er å opphalde seg i eit skikkeleg jordskjelvramme området, der livet står på spill, slik vi kan sjå på tv.

Og for ordens skyld, i dag har det vore tre nye skjelv, det største 4,9, men denne gang djupare ned.        

2 comments:

  1. Spennende å få oppleve jordskjelv, da! Fint at du også har kommet deg i live fra det!
    Du ser også uforskammet brun ut!

    ReplyDelete
  2. ... og eg kjem til å bli brunere etter tre veker på Fiji.

    ReplyDelete