Hei, no har eg og teamet mitt vore paa Fiji i snart ei veke. Det kan meldes om at det er varmt, veldig varmt. Konstant svetting og litervis med vann er den nye kvardagen. Foersteinntrykket av varmen, lukt og eit litt hardt moete med overgira og litt pressande enkeltmennesker som ser hvite mennesker for berre peng her i ferd med aa legge seg. Realiteten bedbugs begynner ogsaa aa bli ein vane og salamanderene i taket er no berre koselege. Billa paa stoerrelse med ein knyttneve kan eg derimot helst se forbli paa utsida av inngangsdoera paa huset vaart og edderkoppen stor som ei handflate har eg ikkje sett paa kjoekkenveggen paa nokre dagar. Saa no sovner eg relativt raskt om kvelden, til lyden av flaggermus store som maaker og eit orkester av meir eller mindre ville hunder. Saa for kvar dag som gaar, saa elsker eg dette landet meir og meir. Folka er berre heilt utroleg vennlege og smiler som om dei har vunne i lotto alle saman. Banan og kokosplukking i eigen hage er ogsaa heilt ok!
Til no har vi hatt gankse fulle dager. Soendag gjekk eg til to ulike gudstenester i to ulike kyrkjer. Begge rett paa sida av huset vaart. Saa no kjenner eg mange ungdommar i nabolaget. Mandag var det tid for a bli kjent i Suva, saa dagen gjekk med til amazing race og shopping. Tirsdag drog vi til slummen som ikkje eigentleg var ein slum, men framleis eit bustadomraade med veldig daarlige kaar. Veldig spesielt, men ogsaa kjekt a bli kjent med nokre av familiane der. Onsdag var dagen for moskebesoek og visit i fengselet. Saman med ei lokal kyrkje hadde vi lovsang og holdt vitnesbyrd for fangane. Toeft aa se saa mange unge mennesker innesperra, men flott aa moete smila deira og se haapet i auga. I dag, torsdag, har vi vore aa jobba for Homes of Hope. Eit tilfluktsted for single moedre og deira barn. Vi har jobba hardt i varmen som boender. Vi skal tilbake til samme stad i morra, men da jobbe tilknytta skulen og bakeriet dei har der. Utroleg flott plass oppi fjella!
Loerdag er tida i Suva over og Yasawas staar for tur. Trur kanskje det blir godt aa ikkje vere den einaste kvite rundt om kring igjen. Litt mindre oppstyr der kanskje! Bless you all!
Thursday, 27 January 2011
Saturday, 22 January 2011
Outreach går unna!
I morra forlet vi landet som består av to øyer til fordel for eit land som er øyer, Fiji. I New Zealand har vi funne det trygt og godt å halde oss til ei øy, Sørøya, så overgangen til øyhopping i Fiji skal bli interessant. Tida vil vise, men først litt om det som allereie har hendt!
Vi har altså gjort øyhopp (i eintal) i fem veker no. Vi tok bilen fatt og satte kursen sørover frå Oxford og basen. Det tok oss ikkje lange tida (to dager) før Te Anau blei vårt tilhaldsted. Den lille byen ved innfarten til det som kiwiene kaller Fiordland (etter det norske ordet fjord, men som dei ikkje har lært seg å stave riktid endå…) såg ut til å sove litt før storinnrykket av turistar truleg venta. Etter nokre dagar og ein sped start på relasjonsbygginga, drog vi vidare til turistbygda Milford Sound. Bygd kan det vel strengt tatt ikkje kallast. Trur hamn, eit hotell og ein lodge/campingplass dekker det meste. Nei, vent… dei hadde jammen klart å presse ned ein flyplass i mellom fjella også. Av heimelege samanlikningar trur eg at eg vil trekke fram Hyen. To dalar som møtest i inste enden av ein fjor. Men der stoppar nok og all likheit brått opp. Fjorden her som dei kallar ”Sound” fordi Cook & Co ikkje viste heilt kva dei dreiv på med når dei oppdaga området har ingen vegar langs land, men du kan derimot nærmast hoppe frå båt til båt utover. Busslasta kjem tett og 8-9 små og store cruisebåtar vil ta deg ut og inn fjorden i akkurat den lengda eit kvart forundra turistauge vil ønskje. Fiordland har fleire fjordar, men her lager dei big business av den einaste med nokolunde god tilkomst. Spørsmålet som sitt att i mitt hovudet er: ”Kvifor reiser folk frå Europa verda rundt for å sjå dette når dei i staden kan dra til Noreg?” No skal eg ikkje føre urett mot Milford Sound. Det er utvilsamt ein flott fjord. Og 8 meter med regn i året setter eit livleg preg på fjellsidene, både når det kjem til skred og fossefall. Dagen før vi kom var vegen stengt og perioden var prega av det verste regnværet på to månadar. Eg har aldri sett så mykje vann komme ned ovanfrå. Kanskje er det ikkje berre kraftverka som burde sjå seg tent med meir nedbør i heimelege traktar?
For ein nasjonalromantisk nordmann i NZ så har det definitivt vore stunder der eg lurar på kvifor eg har dratt verda rundt for å sjå dette. Da hjelper det å tenkje på kva som er hovudfokus med outreach. Vi reiser rundt med det for auge å møte backpackere, stifte relasjonar og bruke dei moglegheitene vi får til å dele trua vår. I så måte vart Milford Sound eit startskot for meg. Eg fekk god kontakt med Antonia, Kim og Konrad, alle frå Tyskland. Sistnevnte traff vi igjen heile tre ulike stadar. Kvart einaste stad vi kjem er det nye fjes og nye fantastiske folk å bli kjent med. Backpackere i vår alder er så utroleg søkande og opne. Mange reiser rundt i verda med brutte relasjoner frå nær fortid i bagasjen, nokre prøver å finne meininga med livet og andre vil berre sjå noko nytt. Uansett så gjev det oss nokre fantastiske moglegheiter. Det er gøy å sjå kor lite som skal til før det faktisk betyr noko. Ein liten oppmerksomhet eller ein invitasjon til å joine oss til middag, nokon gongar er rett og slett eit smil nok. Uansett så føler vi oss så velsigna av alle dei fantastiske folka vi har fått bli kjent med i New Zealand. Trur eg har mastergrad i å seie farvel no, men forhåpentlegvis betyr ikkje det at eg ikkje kjem til å sjå nokon av dei igjen. Kanskje nokon av dei har innsett at Norge er landet å reise tilJ
Vidare frå Fiordland drog vi til Queenstown, adrenalinrushets hovudstad. Byen skapte ramma rundt vår julefeiring og dersom du framleis ikkje veit korleis det gjekk til så heng du ikkje akkurat rundt på bloggen min (einaste innlegg i løpet av dei 5 siste vekene). Turen gjekk deretter vidare til Wanaka, eit litt meir laidback turiststad, og meir tradisjonelt naturbasert. Fantastiske rammer for ei nyttårsfeiring som dessverre var prega av veldig mange fulle unge kiwis. Stedet såg ut til å vere eit trekkplaster for heile regionen og ungdommar heilt ned i 14-15 år prøvde å gå gatelangs (ofte meir på tvers). Det roa seg over nyttår og backpackere var igjen lettare å finne. Av høgdepunkt må det nemnast overnatting på Aspiring Hut og seiling med katamaran på Lake Wanaka. Størts av alle var likevel den utrolege stemninga på det eine hostellet vi budde på. Vi laga cookies til alle, og deretter laga venskap og diskusjonar seg sjølv. Gud var definitivt med på festen! Dagen der på blei ei Leonie bedt for etter gjentatte påminnelser frå Gud, og det initiativet var alt som skulle til før ho gav seg over til Gud. Etterpå reiste ho med oss i to dager! Eg vil også huske Maaike som straks etter at ho skjønte eg var kristen fyrte på med spørsmål. Etter mange samtaler, eit besøk i Puzzleworld og felles middag forlot vi ei jente som var gira på å lese i bibelen ho nettopp hadde fått. Eg er så stoked, fordi i skrivande stund er ho på veg til Auckland kor ho skal jobbe som aupair i ein kristen familie i eit halvt år. Spennande!
| Queenstown |
Wanaka til Takaka (ja, namna er på Maori og ikkje alle like lette som desse) blei unnagjort på to dager via vestkysten. Franz Josef Glacier vart via eit lite besøk ved fronten. For den breinteresserte kan eg fortelje at også denne består av is, snø og stein og har ein lei tendens til å trekke seg tilbake. Men breen ender derimot her i noko som må kunne kallast regnskog. Dette er også truleg årsaka til at vegetasjonen kjem mykje raskare tilbake når breen trekk seg tilbake.
Takaka kan på mange måtar samanliknast som eit hippieprega Dombås (kryss). Kan derfor trygt seie at staden ikkje akkurat tok kaka, men likevel tenestegjorde som opphaldstad i påvente av å gå ein av New Zealands great walks ”Abel Tasman”. Vi starta besøket i nasjonalparken med ein dag med kajakkpadling. Ikkje verste sorten akkurat, eventyrstrender i kvar ei bukt og i alle fall ein pingvin symjande i sjøen (førstehands observasjon). Dei neste fire dagane vart brukt tramping (New Zealandsk utrykk for hiking) i nasjonalparken. 30 000 teltgjester i året satt dessverre eit lett turistaktig preg på området.
No skulle eg etter planen fortsette med å fortelje om Hangdog, ein kaltrecamp vi var i den siste veka, men etter at mykje anna har blitt gjort innimellom bloggskriving er no klokka litt elleve på kvelden og vi forlet skulen klokka 3 i natt. Så eg trur eg oppsummerer med at også den veka var god, bestod av klatring, steinovnsbakte boller og slakklinegang over ei elv. Snipp snapp snute så var forteljinga ute!
Nye oppdateringar kjem truleg ikkje før ved tilbakekomst frå Fiji om tre veker.
Tuesday, 28 December 2010
Julefeiring i Queenstown
Julefeiring på den sørlege halvkule er unekteleg spesielt. Ikkje berre gjør sol og sommar ein effektiv slutt på julestemninga, men også det faktum at jula bli feira over berre to dagar og ikkje to veker slik som heime. Queenstown er dessutan ein turiststad av dei sjeldne, og dei fleste av dei gjer lite ut av jula. Mange vel tilsynelatande å gå forbi jula i stillheit. Derfor er det ekstra godt å kunne gje dei ei lita følelse av jul og av å bli satt pris på. Første juledag om morgonen delte vi gåver. Vi hadde ei jente frå Sør-Korea og ein mann frå San Diego i vårt rom den dagen. Begge godt vaksne, kanskje rundt 30. Sidan dei reiste aleine hadde vi kjøpt inn ei lita gåve til kvar av dei, noko vi tydeleg kunne sjå at dei satt stor pris på. Og middagen den dagen blei delt med to muslimske gutar frå Oman. Vi feira med å lage heimelaga potetstappe, biff og gulrotstuing. Til dessert vart det pannekaker med jordbær og is. Det blei ein fest og noko eg trur Muhammed og Abdul vil huske lenge.
Av ting som har betydd mest for meg i jula, så trur eg at eg vil nemne to ting. Julaften gjekk eg til gudsteneste 23.30. Det var i den anglikanske kyrkja, så det minna ganske mykje om heime i Førde, sjølv om dei har meir liturgi her. Kyrkja var full av folk frå alle mogelege kantar av verda. Følelsen av samhald på tvers av alle verdshav i det Europa, Asia, Amerika og Oceania song eit vers kvar av ein julesong made my day. Ting nummer to er utan tvil julekakene og dei brente mandlane mamma sendte meg. Dei har vore til stor glede for mange personar vi har møtt dei siste dagane. Eg har ei fantastisk mor og ho fortenar all kreditt.
I går/andre juledag/boxing day var dagen for å skeie litt ut. Så nokre pengar vart svidd av på shopping og nokre på aktivitetar. Derek og eg bestemte oss for å teste jet boats, noko vi ikkje angra på. Båten går opp mot 80 kmt, trenger berre 5-10 cm dypt vatn, køyrer gjennom ein kanyon og kan ta 360 i fart. Sjekk ut www.shotoverjet.com. Likevel var det ein annan ting som made my day. På kvelden ruslande rundt i sentrum med min nye roommate Tod frå Australia, tok vi inn i eit galleri av Tim Wilson. Namnet blei kjent for meg da eg såg nokre av hans kunstverk i eit anna galleri. I det eg gjekk tett innpå eit maleri for å studere det på nært hold så vart bildet med eitt mørkare. Eg stussa på kva som hendte, snudde meg mot paret i galleriet og spurte om det var ein av dei som dimma ned lyset. Etter litt spøk, innrømma mannen i 50 åra at det var han og han økte lysstyrken igjen. Det var akkurat som om bilde levde, fordi forskjellen i lysstyrken hadde ulike verknader på dei ulike plassane i bilete. Eg slo ein spøk at dette ikkje var mogleg og sa at eg trudde det også var ei lita lampe bak bilete. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg fekk plutseleg følelsen av at mannen eg stod ovanfor var kunstnaren sjølv. Ekstasen min var eit faktum da han bekrefta det. Tim Wilson in person. Eg har helst på han. Etter ein lengre samtale om kunst, Petter Northug, Milford Sound og Noreg gjekk plutseleg Tim (ja, eg føler vi er på fornamn) resolutt bort, tok det store bilete ned frå veggen, og viste meg at det var inga lampe på baksida. Eg kan ikkje huske at eg toucha bakken på veg ut av galleriet. Eg gjekk frå å vere opptatt av stilig design til bli ein kunstelskar. Denne mannen gjør ting med penselen eg ikkje trudde var mogleg. Så dersom du har mellom ein halv til to millionar kroner du ikkje heilt veit kva du skal gjere med, så kan eg med glede vere din rådgjevar. På ein betingelse, at eg kan komme inn i stua di når eg vil.
Dersom nokon ønskjer å følgje teamet tettare i vekene som kjem, sjekk ut vår teamblogg www.teamkiwifiji.blogspot.com
Eg ønkjer alle ei fortsatt god jul og ei riktig god nyttårsfeiring med eit påfølgande godt år.
See you!
Monday, 20 December 2010
Hei som tida går!
Eit friår er tydeligvis ingen garanti for å unngå tidsklemma. Etter å ha snike seg innpå og varsla sin eksistens utan at eg tok nemneverdi notis, tok den meg med eitt. No skal eg ikkje dramatisere dette for mykje, samanlikna med eksamenstid heime vert det heile framleis ei drope i havet. Den største konsekvensen er det nok De som lesarar har lidd, da bloggen blei nedprioritert. Eg beklagar dette på det sterkaste og ber alle såra om tilgiving;)
For å ta opp tråden kan eg fortelje at veka med Mark Parker og temaet ”Making God Lord” vart nok ei skikkeleg god veke. Ved å legge ned våre rettigheter til å velje alt sjølv i livet og innrømme synder gjør vi forholdet med Gud rett, og det blir lettare å høyre Guds plan for oss.
Etter dette har vi hatt veker med tema som ”Relationship” og ”Missions”. Det som har slått meg mest er at med bakgrunnen vi har i frå Vesten med mange år skule og berre basic kunnskap om bibelen for oss vil vi likevel komme langt dersom vi drar ut til den 3. verda som misjonærar. Det er mange ting vi vil vere i stand til vise eller lære vekk i ein slik setting. Så frå å bli ein ”sprø” ting nokon gjør, kjennest det no i alle fall ikkje heilt urealistisk. Når det er sagt, så er Europa kanskje den verdsdelen som per i dag trenger mest misjonærar etter Asia. Og det finnest utroleg mange forskjellige måtar å jobbe som misjoner. Som Chris Donaldson (baseleiar dei siste ti åra og no misjonær i Tyrkia) sa så bra: ”To be a missionary is not about the place but about the purpose of being there”.
Utanfor klasserommet har dei siste helgene gitt nokre fantastiske opplevingar. Ein søndag etter gudstenesta tok eg og tre andre ut i min lille bil. Målet var to timer unna i sørleg retning, men vel verdt det. Vi starta i godt overskya vær og dagen såg ut til å bli slik heilt til vi svinga vest og inn i fjellet. Med eitt var alle skyer vekke og majestetiske fjell openbara seg. Så våre fire-fem avslappa timer på Mt. Sunday også kalla Eldaros (Rohan) i Ringenes Herre var berre fantastiske.
Helga etter drog eg på eigenhand fire timer i sørleg retning. Målet var å sjå New Zealands høgste fjell Mt.Cook på nært hald. Også denne turen starte med overskya, men blei brått endra til sol og glede. New Zealand ser ut til å ha eit ganske vanleg fenomen der tilsvarande i Norge ville bety at Vestlandet har regn og Austlandet har skyer, mens Langfjella ligger bada i sol. Dessverre er nok dette tilfelle ikkje veldig vanleg heime. Natta blei tilbrakt på ei hytte 1800 meter over havet og solnedgangen med Mt. Cook i augesjå var upåklageleg. Mt. Cook har ei fjellside som nesten strekker seg 3000 meter opp i frå dalbotnen, noko som rett og slett er imponerande.
No har vi starta utreisefasen. Etter opprydding, vasking og avslutning tok vi farvel med resten av klassen på laurdag. Det var rart å ta farvel, men heldigvis skal vi sjåast igjen ei veke i februar før vi tek endeleg farvel. Kan ikkje sei anna enn at eg gleder meg til den veka allereie. Til å høyre alle historier frå misjonsmarken. 11 veker skule har gått så fort. Men no er det berre fem av oss, og that’s it. Vi skal oppleve mykje spennande i lag dei neste åtte vekene. Først skal vi tilbringe fem veker i New Zealand og deretter tre på Fiji. Målet er å aktiv oppsøke andre backpackere og stifte relasjonar med dei, for så å kunne dele vår tro og Guds kjærleik med dei. Til no er det mest nemneverdige dei to israelittane vi tok opp frå vegkanten. Ein time i lag i bilen gav rom for ein hyggjeleg samtale.
Monday, 22 November 2010
Meininga med opphaldet...
Mykje har vorte skrive og mange bilder publisert, og framleis gjenstår det å vise og fortelle om mange bilder og opplevelsar. Det er derimot ein ting har det vore alt for lite av her på bloggen. Nemlig å fortelle om meininga med opphaldet! Kjernen i kvardagen! Kort fortalt kan vi seie at meiniga med opphaldet er å finne meinga med livet. Måten vi angrip dette på er å ha ulike tema kvar veke, det kvart tema blir undervist av ein tilreisande talar. Til no har vi hatt tema som Father Heart of God, Holy Spirit, Knowledge of God, Spiritual Warfare, Backpacker Ministry og Image of God. Eg skulle ønske eg hadde vore flinkare til å dele kvart tema med dykk blogglesarar, men den gong ei. Det blei det ikkje noko av. Derimot skal eg no prøve å dele litt av undervisninga kvar einaste dag den kommande veka. Håper det kan vere til inspirasjon for nokon.
Temaet denne veka er Lordship og taleren Mark Parker er ein crazy (positivt) 54 år gammel Kiwi frå Auckland med ingen redsel for å dumme seg sjølv ut. Han blei "saved" som nittenåring, tok ein DTS saman med kone og småbarn i 1987 og har sidan da stort sett vore involvert i Youth With A Mission (YWAM). Jobber i dag som koordinator for arbeidet i New Zealand.
Mandag er dagen der talarane ofte bygger opp forventning og lengt etter svar som skal komme seinare i veka. Og veka ser ut til å bli enda ei til i rekka av det spennande slaget. Lordship? Kva er det? Kva handler dette om?
Mark Parker omtaler sin eigen generasjon, the babyboom generation, som the generation of self-obsessed and pride. Min generasjon derimot, generasjon Y skal derimot vere the generation of unbelievers. Mange av oss trur på Gud som skaperen av universet. Det er ikkje særleg vanskeligere å tru på Gud som skaper, enn å tru på at ein bygger har bygd eit hus. Det er derimot få som verkeleg trur slik vi er meint å tru og som følgjer Gud ord. Mange kristne i verden i dag lever kun i den kristne verden kvar søndag. Dei gløymer å ta med Gud inn i kvardagen mandag til fredag, og det blir synda mykje fredag og lørdag kveld. Som Parker seier det: "Jesus didn't save us to go to heaven, but to come into relationship with the Father." Han understreker vidare at denne veka handler det ikkje om tilgivelse og anger, men om å adlyde Gud. "It's about loosing control and allow Jesus into our lifes."
Jesus kom ned på jorda for å lage disipler. Les John 8:31, 13:35 og 15:8, gjerne med heile samanhengen rundt kvart enkelt vers. Dei tre versa handler henholdsvis om å adlyde Gud, elske Gud og kvarandre og avle frukt. Alt i konteksten av å vere Guds disipler. Utfordringa denne veka er å opne hjarta våre for Gud. Døra som skal opnast har kun ei dørklinke, og den sitter på innsida. Så verken Jesus eller Mark Parker kan opne den for oss, det er noko vi må gjere sjølv.
Sjølv føler eg på ein redsel for å la Gud ta over styringa i livet mitt. Ja, eg drog til New Zealand for å gå på bibelskule fordi eg følte Gud talte til meg. Ikkje nødvendigvis om å dra til New Zealand, men i alle fall om å dra på bibelskule. Det var relativt enkelt. Valget omfatta ikkje meir enn seks månandar av livet og det gjekk relativt greit inn i min plan. Men med to år igjen på studiet etter vel fullførte tre år, så er det vanskeleg å seie: "Gud eg gjør som du vil uansett kva du kaller meg til?" No er eg av den oppfatninga at Guds plan for oss omfatter meir enn plan A. Gud har ein plan B og ein C og ein D... dersom vi vel å ta til høyre i staden for til venstre. Likevel føler eg at dette kjem til å bli ei utfordrande veke. Korleis er det med deg? Lar du Gud styre dine valg? Har Han kalla deg til noko spesielt? Er du kristen mandag til lørdag?
Sunday, 14 November 2010
I live!
For ordens skyld vil eg starte med å fortelle at det var eit relativt stort jordskjelv i Christchurch cirka ein månad før eg kom ned her. Dette målte 7,1 på Richters skala og forårsakte ein god del øydeleggelser i byen. Utroleg nok gjekk ingen menneskeliv tapt, og det er mange utrolige historier som vitner om at mange av guds engler har vore spesielt på vakt denne natta. Nok om det, over til helgas opplevelser.
Helga blei slått i hel, spending time in Sumner. Sumner er ein liten forstad til Christchurch, med sandstrand, klipper og klatrefelt i kvar ein krok. Stedet minner ikkje så reint lite om Californias vestkyst, nærmere sagt ein mellomting mellom Santa Barbara og Santa Monica, og rett bak finner du "Beverly Hills". Meir om klatringa på kiler, surfinga på stranda og kvifor vi overnatta hos ei søt Kiwi, opprinneleg britisk jente, kjem kanskje seinare. Men no tilbake til jordskjelv.
Klokka er ti lørdag kveld. Vi sitter i andre og øverste etasje i eit gammalt murhus rett bak stranda. Middagen er nettopp ete opp. Huset rister. Ikkje mykje, ikkje lenge, men nok til å kunne stadfeste at ja det var eit jordskjelv. Det vil seie. Eg trudde først ristinga kom av at vår husvert flytta på seg, noko som medførte ein kommentar i retur lydande som følger: "Kristoffer, if you think I'm fet, then don't cover over it that way!" Noko som medførte desperat roing på engelsk frå mi side. Det har vore mange etterskjelv etter det store skjelvet, så dette i seg sjølv burde ikkje vere ein nyheit. Vi har til å med trent på å takle jordskjelv. Omtrent ein gong i veka er det nokon på basen som kunngjer at dei kjente eit jordskjelv natta før, men vi gutane ligger i køyer, to i høgda med slike fjærer under madrassa som får alt til å gynge når du eller den over/under deg snur seg, så det er vanskeleg å skille desse skjelva frå resten av gynginga. Så dette var nok min første skikkeleg opplevese av eit jordskjelv.
Kvelden seig på og sjølv helter blir trøtte. Så kvart over tolv, liggande rett ned på det vegg-til-vegg dekkede betonggolvet kom jordskjelv nummer 2! Framleis kort og konsis, men meir enn tydeleg nok. Natta seig på, eg sov min skjønnhetssøvn, vel det kan diskuterast kor skjønn ein blir av å sove rett på golvet, but anyway, vi sov. Neste sekund våkna eg av at huset rista, ikkje slik vennskapeleg dulting som tidlegare på kvelden, men ordentlig risting. Vi satt straks alle rett opp og ned, mildt sagt forfjamsa og i lett sjokk over krafta, men før vi rakk å bli redd så var det heile over. Vår husvert kom ut frå sitt soveværelse, forklarande kor nødstigen var i tilfelle det kom eit nytt eit. Det gjorde det aldri. Skjelvet målte 4,7 og var relativt grunt. Dette er ikkje så mykje, men følelsen av å gå "to bed again" uvitande om det skulle komme meir, ga meg ein heilt ny forståelse for korleis det er å opphalde seg i eit skikkeleg jordskjelvramme området, der livet står på spill, slik vi kan sjå på tv.
Og for ordens skyld, i dag har det vore tre nye skjelv, det største 4,9, men denne gang djupare ned.
Friday, 12 November 2010
Family time!
No er det liv i leiren! Basen er spekka med folk! Crazy snowboarders coming home from their outreaches. Vi er backpackere og dei er snowboardere, vi er forskjellige, men familiefølelsen er overvelmande. Aldri truffe dei før, vil mest sannsynleg aldri sjå dei igjen, men det er utroleg kjekt å bli kjent med dei. Dei har vore igjennom sin DTS no, så historiene deira frå outreach og deira perspektiv på lecture phase er motiverande å høyre.
Onsdag var battletime! Soccer was the game. Sjølv innen familier kan prestisjen vere stor. Mykje stod på spill. Steminga var intens, men venskapeleg. Backpacker's main goal was having the most fun! We did... we won! 5-1. Kampen blei fulgt av barbecue! Tidenes beste worship. Flammeblåsing, fyrverkeri og disko! Dagen derpå holdt våre brødre presentasjoner av deira outreaches. India/Nepal-gjengen med flotte drakter. Chile-dudsa som bygde eit hus til ein jordskjelvramma familie som ikkje hadde råd til eit nytt hus. New Zealand/Australia fortalde om arbeidet med heimløse i Newcastle. Tyrkia-gjengen om korleis det er å dra til eit land som per definisjon er unreached. Fiji/Samoa om dei avslappa øy-samfunna. Alle flotte innblikk i kva ein gjeng uerfarne ungdommar kan gjere i løpet av to månandar som misjonerer! I dag er det fredag. Graduation er tingen! Vi skal servere. Party all night long, kjenner eg våre brødre rett. Starter om ti minutt. See you! Forresten ein ting til: Sommeren er her:) For fullt!!!
Onsdag var battletime! Soccer was the game. Sjølv innen familier kan prestisjen vere stor. Mykje stod på spill. Steminga var intens, men venskapeleg. Backpacker's main goal was having the most fun! We did... we won! 5-1. Kampen blei fulgt av barbecue! Tidenes beste worship. Flammeblåsing, fyrverkeri og disko! Dagen derpå holdt våre brødre presentasjoner av deira outreaches. India/Nepal-gjengen med flotte drakter. Chile-dudsa som bygde eit hus til ein jordskjelvramma familie som ikkje hadde råd til eit nytt hus. New Zealand/Australia fortalde om arbeidet med heimløse i Newcastle. Tyrkia-gjengen om korleis det er å dra til eit land som per definisjon er unreached. Fiji/Samoa om dei avslappa øy-samfunna. Alle flotte innblikk i kva ein gjeng uerfarne ungdommar kan gjere i løpet av to månandar som misjonerer! I dag er det fredag. Graduation er tingen! Vi skal servere. Party all night long, kjenner eg våre brødre rett. Starter om ti minutt. See you! Forresten ein ting til: Sommeren er her:) For fullt!!!
Subscribe to:
Posts (Atom)

















