Eit friår er tydeligvis ingen garanti for å unngå tidsklemma. Etter å ha snike seg innpå og varsla sin eksistens utan at eg tok nemneverdi notis, tok den meg med eitt. No skal eg ikkje dramatisere dette for mykje, samanlikna med eksamenstid heime vert det heile framleis ei drope i havet. Den største konsekvensen er det nok De som lesarar har lidd, da bloggen blei nedprioritert. Eg beklagar dette på det sterkaste og ber alle såra om tilgiving;)
For å ta opp tråden kan eg fortelje at veka med Mark Parker og temaet ”Making God Lord” vart nok ei skikkeleg god veke. Ved å legge ned våre rettigheter til å velje alt sjølv i livet og innrømme synder gjør vi forholdet med Gud rett, og det blir lettare å høyre Guds plan for oss.
Etter dette har vi hatt veker med tema som ”Relationship” og ”Missions”. Det som har slått meg mest er at med bakgrunnen vi har i frå Vesten med mange år skule og berre basic kunnskap om bibelen for oss vil vi likevel komme langt dersom vi drar ut til den 3. verda som misjonærar. Det er mange ting vi vil vere i stand til vise eller lære vekk i ein slik setting. Så frå å bli ein ”sprø” ting nokon gjør, kjennest det no i alle fall ikkje heilt urealistisk. Når det er sagt, så er Europa kanskje den verdsdelen som per i dag trenger mest misjonærar etter Asia. Og det finnest utroleg mange forskjellige måtar å jobbe som misjoner. Som Chris Donaldson (baseleiar dei siste ti åra og no misjonær i Tyrkia) sa så bra: ”To be a missionary is not about the place but about the purpose of being there”.
Utanfor klasserommet har dei siste helgene gitt nokre fantastiske opplevingar. Ein søndag etter gudstenesta tok eg og tre andre ut i min lille bil. Målet var to timer unna i sørleg retning, men vel verdt det. Vi starta i godt overskya vær og dagen såg ut til å bli slik heilt til vi svinga vest og inn i fjellet. Med eitt var alle skyer vekke og majestetiske fjell openbara seg. Så våre fire-fem avslappa timer på Mt. Sunday også kalla Eldaros (Rohan) i Ringenes Herre var berre fantastiske.
Helga etter drog eg på eigenhand fire timer i sørleg retning. Målet var å sjå New Zealands høgste fjell Mt.Cook på nært hald. Også denne turen starte med overskya, men blei brått endra til sol og glede. New Zealand ser ut til å ha eit ganske vanleg fenomen der tilsvarande i Norge ville bety at Vestlandet har regn og Austlandet har skyer, mens Langfjella ligger bada i sol. Dessverre er nok dette tilfelle ikkje veldig vanleg heime. Natta blei tilbrakt på ei hytte 1800 meter over havet og solnedgangen med Mt. Cook i augesjå var upåklageleg. Mt. Cook har ei fjellside som nesten strekker seg 3000 meter opp i frå dalbotnen, noko som rett og slett er imponerande.
No har vi starta utreisefasen. Etter opprydding, vasking og avslutning tok vi farvel med resten av klassen på laurdag. Det var rart å ta farvel, men heldigvis skal vi sjåast igjen ei veke i februar før vi tek endeleg farvel. Kan ikkje sei anna enn at eg gleder meg til den veka allereie. Til å høyre alle historier frå misjonsmarken. 11 veker skule har gått så fort. Men no er det berre fem av oss, og that’s it. Vi skal oppleve mykje spennande i lag dei neste åtte vekene. Først skal vi tilbringe fem veker i New Zealand og deretter tre på Fiji. Målet er å aktiv oppsøke andre backpackere og stifte relasjonar med dei, for så å kunne dele vår tro og Guds kjærleik med dei. Til no er det mest nemneverdige dei to israelittane vi tok opp frå vegkanten. Ein time i lag i bilen gav rom for ein hyggjeleg samtale.
No comments:
Post a Comment