Monday, 22 November 2010

Meininga med opphaldet...

Mykje har vorte skrive og mange bilder publisert, og framleis gjenstår det å vise og fortelle om mange bilder og opplevelsar. Det er derimot ein ting har det vore alt for lite av her på bloggen. Nemlig å fortelle om meininga med opphaldet! Kjernen i kvardagen! Kort fortalt kan vi seie at meiniga med opphaldet er å finne meinga med livet. Måten vi angrip dette på er å ha ulike tema kvar veke, det kvart tema blir undervist av ein tilreisande talar. Til no har vi hatt tema som Father Heart of God, Holy Spirit, Knowledge of God, Spiritual Warfare, Backpacker Ministry og  Image of God. Eg skulle ønske eg hadde vore flinkare til å dele kvart tema med dykk blogglesarar, men den gong ei. Det blei det ikkje noko av. Derimot skal eg no prøve å dele litt av undervisninga kvar einaste dag den kommande veka. Håper det kan vere til inspirasjon for nokon. 

Temaet denne veka er Lordship og taleren Mark Parker er ein crazy (positivt) 54 år gammel Kiwi frå Auckland med ingen redsel for å dumme seg sjølv ut. Han blei "saved" som nittenåring, tok ein DTS saman med kone og småbarn i 1987 og har sidan da stort sett vore involvert i Youth With A Mission (YWAM). Jobber i dag som koordinator for arbeidet i New Zealand. 

Mandag er dagen der talarane ofte bygger opp forventning og lengt etter svar som skal komme seinare i veka. Og veka ser ut til å bli enda ei til i rekka av det spennande slaget. Lordship? Kva er det? Kva handler dette om? 

Mark Parker omtaler sin eigen generasjon, the babyboom generation, som the generation of self-obsessed and pride. Min generasjon derimot, generasjon Y skal derimot vere the generation of unbelievers. Mange av oss trur på Gud som skaperen av universet. Det er ikkje særleg vanskeligere å tru på Gud som skaper, enn å tru på at ein bygger har bygd eit hus. Det er derimot få som verkeleg trur slik vi er meint å tru og som følgjer Gud ord. Mange kristne i verden i dag lever kun i den kristne verden kvar søndag. Dei gløymer å ta med Gud inn i kvardagen mandag til fredag, og det blir synda mykje fredag og lørdag kveld. Som Parker seier det: "Jesus didn't save us to go to heaven, but to come into relationship with the Father." Han understreker vidare at denne veka handler det ikkje om tilgivelse og anger, men om å adlyde Gud. "It's about loosing control and allow Jesus into our lifes." 

Jesus kom ned på jorda for å lage disipler. Les John 8:31, 13:35 og 15:8, gjerne med heile samanhengen rundt kvart enkelt vers. Dei tre versa handler henholdsvis om å adlyde Gud, elske Gud og kvarandre og avle frukt. Alt i konteksten av å vere Guds disipler. Utfordringa denne veka er å opne hjarta våre for Gud. Døra som skal opnast har kun ei dørklinke, og den sitter på innsida. Så verken Jesus eller Mark Parker kan opne den for oss, det er noko vi må gjere sjølv. 

Sjølv føler eg på ein redsel for å la Gud ta over styringa i livet mitt. Ja, eg drog til New Zealand for å gå på bibelskule fordi eg følte Gud talte til meg. Ikkje nødvendigvis om å dra til New Zealand, men i alle fall om å dra på bibelskule. Det var relativt enkelt. Valget omfatta ikkje meir enn seks månandar av livet og det gjekk relativt greit inn i min plan. Men med to år igjen på studiet etter vel fullførte tre år, så er det vanskeleg å seie: "Gud eg gjør som du vil uansett kva du kaller meg til?" No er eg av den oppfatninga at Guds plan for oss omfatter meir enn plan A. Gud har ein plan B og ein C og ein D... dersom vi vel å ta til høyre i staden for til venstre. Likevel føler eg at dette kjem til å bli ei utfordrande veke. Korleis er det med deg? Lar du Gud styre dine valg? Har Han kalla deg til noko spesielt? Er du kristen mandag til lørdag?                    

Sunday, 14 November 2010

I live!

For ordens skyld vil eg starte med å fortelle at det var eit relativt stort jordskjelv i Christchurch cirka ein månad før eg kom ned her. Dette målte 7,1 på Richters skala og forårsakte ein god del øydeleggelser i byen. Utroleg nok gjekk ingen menneskeliv tapt, og det er mange utrolige historier som vitner om at mange av guds engler har vore spesielt på vakt denne natta. Nok om det, over til helgas opplevelser.

Helga blei slått i hel, spending time in Sumner. Sumner er ein liten forstad til Christchurch, med sandstrand, klipper og klatrefelt i kvar ein krok. Stedet minner ikkje så reint lite om Californias vestkyst, nærmere sagt ein mellomting mellom Santa Barbara og Santa Monica, og rett bak finner du "Beverly Hills". Meir om klatringa på kiler, surfinga på stranda og kvifor vi overnatta hos ei søt Kiwi, opprinneleg britisk jente, kjem kanskje seinare. Men no tilbake til jordskjelv.

Klokka er ti lørdag kveld. Vi sitter i andre og øverste etasje i eit gammalt murhus rett bak stranda. Middagen er nettopp ete opp. Huset rister. Ikkje mykje, ikkje lenge, men nok til å kunne stadfeste at ja det var eit jordskjelv. Det vil seie. Eg trudde først ristinga kom av at vår husvert flytta på seg, noko som medførte ein kommentar i retur lydande som følger: "Kristoffer, if you think I'm fet, then don't cover over it that way!"  Noko som medførte desperat roing på engelsk frå mi side. Det har vore mange etterskjelv etter det store skjelvet, så dette i seg sjølv burde ikkje vere ein nyheit. Vi har til å med trent på å takle jordskjelv. Omtrent ein gong i veka er det nokon på basen som kunngjer at dei kjente eit jordskjelv natta før, men vi gutane ligger i køyer, to i høgda med slike fjærer under madrassa som får alt til å gynge når du eller den over/under deg snur seg, så det er vanskeleg å skille desse skjelva frå resten av gynginga. Så dette var nok min første skikkeleg opplevese av eit jordskjelv.

Kvelden seig på og sjølv helter blir trøtte. Så kvart over tolv, liggande rett ned på det vegg-til-vegg dekkede betonggolvet kom jordskjelv nummer 2! Framleis kort og konsis, men meir enn tydeleg nok. Natta seig på, eg sov min skjønnhetssøvn, vel det kan diskuterast kor skjønn ein blir av å sove rett på golvet, but anyway, vi sov. Neste sekund våkna eg av at huset rista, ikkje slik vennskapeleg dulting som tidlegare på kvelden, men ordentlig risting. Vi satt straks alle rett opp og ned, mildt sagt forfjamsa og i lett sjokk over krafta, men før vi rakk å bli redd så var det heile over. Vår husvert kom ut frå sitt soveværelse, forklarande kor nødstigen var i tilfelle det kom eit nytt eit. Det gjorde det aldri. Skjelvet målte 4,7 og var relativt grunt. Dette er ikkje så mykje, men følelsen av å gå "to bed again" uvitande om det skulle komme meir, ga meg ein heilt ny forståelse for korleis det er å opphalde seg i eit skikkeleg jordskjelvramme området, der livet står på spill, slik vi kan sjå på tv.

Og for ordens skyld, i dag har det vore tre nye skjelv, det største 4,9, men denne gang djupare ned.        

Friday, 12 November 2010

Family time!

No er det liv i leiren! Basen er spekka med folk! Crazy snowboarders coming home from their outreaches. Vi er backpackere og dei er snowboardere, vi er forskjellige, men familiefølelsen er overvelmande. Aldri truffe dei før, vil mest sannsynleg aldri sjå dei igjen, men det er utroleg kjekt å bli kjent med dei. Dei har vore igjennom sin DTS no, så historiene deira frå outreach og deira perspektiv på lecture phase er motiverande å høyre.

Onsdag var battletime! Soccer was the game. Sjølv innen familier kan prestisjen vere stor. Mykje stod på spill. Steminga var intens, men venskapeleg. Backpacker's main goal was having the most fun! We did... we won! 5-1. Kampen blei fulgt av barbecue! Tidenes beste worship. Flammeblåsing, fyrverkeri og disko! Dagen derpå holdt våre brødre presentasjoner av deira outreaches. India/Nepal-gjengen med flotte drakter. Chile-dudsa som bygde eit hus til ein jordskjelvramma familie som ikkje hadde råd til eit nytt hus. New Zealand/Australia fortalde om arbeidet med heimløse i Newcastle. Tyrkia-gjengen om korleis det er å dra til eit land som per definisjon er unreached. Fiji/Samoa om dei avslappa øy-samfunna. Alle flotte innblikk i kva ein gjeng uerfarne ungdommar kan gjere i løpet av to månandar som misjonerer! I dag er det fredag. Graduation er tingen! Vi skal servere. Party all night long, kjenner eg våre brødre rett. Starter om ti minutt. See you! Forresten ein ting til: Sommeren er her:) For fullt!!!   





Saturday, 6 November 2010

The Peanut Butter returns

KRISA var eit faktum forje fredag!!! Vi var gått tom for peanut butter og neste leveranse skulle ikkje komme før tirsdag denne veka. Det viste seg også å stemme, men sidan dagane inneheld mange hendingar, så har eg dessverre ikkje fått moglegheita til å fortelle De om denne storhendinga før no.

Aller først vil eg berre understreke at det var KRISE! Det vil seie at mange her synest det var KRISE! (Les: Eg klarte meg etter forholdene bra.) No er det jo slik at mange her faster frå tid til annan, så vi kunne jo berre putta inn ein tre dager lang faste, så ville jo problemet vore løst. Godt mogleg nokon gjor det og, utan at eg veit. Eg er ikkje heilt inne i peanut butterets vindunderlige verden.

Tilbake til storhenginga på tirsdag! Leveransen bestod av 40 kg peanutbutter, 2 spann à 20 kg. No tenkjer du sikkert WOW, det var mykje! Men det er det i grunn ikkje. Vil berre informere om at Snowboard DTS-studentane som no er ute på outreach tilintetgjorde 120 kg peanutbutter i løpet av deira undervisningsperiode. Noko som utgjer omtrentleg eit halvt kilo peanutbutter per person per veke. Det skal bli spennande å sjå korleis dei ser ut no når dei kjem heim igjen i løpet av dei nærmaste dagane. I ei veke vil populasjonen på basen vere det dobbelte av normalen, så det tar nok ikkje lang tid før KRISA er eit faktum igjen. 

Den naturlege fortsettelsen no, er å gje ei forklaring på kvifor konsumet av peanutbutter er så høyt. Eg vel å gjere dette enkelt og greit ved å ramse opp alle dei ulike bruksområda for dette universelle godet. Vel også å legge til mine eigne synspunkt i parantes.
  • På toast med eller utan syltetøy (Faktisk ganske godt i lag med bringebær eller jordbærsyltetøy)
  • I sandwich (niste) med syltetøy og musli. (Veldig godt, og det litt fine brødet verkar fort mykje grovare)
  • På eple (Jo, ikkje så verst når eg først tørte å prøve det)
  • På banan (Nei takk, det blir berre for klebrig)
  • På cookies (Har ikkje prøvd, men fornuften seier nei da cookies er kaloribomber allereie)
  • På marshmallows (No way!!!) 
  • Som tilbehør til iskrem 
  • Eller rett og slett straight! (Jentene her spiser peanut butter med skei... disgusting!)
Det finnes heilt sikkert mange fleire kombinasjoner og bruksområder eg ikkje har oppdaga enda. Lista vil  derfor bli fortløpande oppdatert ettersom nye avdekkingar blir gjort!