Hei, no har eg og teamet mitt vore paa Fiji i snart ei veke. Det kan meldes om at det er varmt, veldig varmt. Konstant svetting og litervis med vann er den nye kvardagen. Foersteinntrykket av varmen, lukt og eit litt hardt moete med overgira og litt pressande enkeltmennesker som ser hvite mennesker for berre peng her i ferd med aa legge seg. Realiteten bedbugs begynner ogsaa aa bli ein vane og salamanderene i taket er no berre koselege. Billa paa stoerrelse med ein knyttneve kan eg derimot helst se forbli paa utsida av inngangsdoera paa huset vaart og edderkoppen stor som ei handflate har eg ikkje sett paa kjoekkenveggen paa nokre dagar. Saa no sovner eg relativt raskt om kvelden, til lyden av flaggermus store som maaker og eit orkester av meir eller mindre ville hunder. Saa for kvar dag som gaar, saa elsker eg dette landet meir og meir. Folka er berre heilt utroleg vennlege og smiler som om dei har vunne i lotto alle saman. Banan og kokosplukking i eigen hage er ogsaa heilt ok!
Til no har vi hatt gankse fulle dager. Soendag gjekk eg til to ulike gudstenester i to ulike kyrkjer. Begge rett paa sida av huset vaart. Saa no kjenner eg mange ungdommar i nabolaget. Mandag var det tid for a bli kjent i Suva, saa dagen gjekk med til amazing race og shopping. Tirsdag drog vi til slummen som ikkje eigentleg var ein slum, men framleis eit bustadomraade med veldig daarlige kaar. Veldig spesielt, men ogsaa kjekt a bli kjent med nokre av familiane der. Onsdag var dagen for moskebesoek og visit i fengselet. Saman med ei lokal kyrkje hadde vi lovsang og holdt vitnesbyrd for fangane. Toeft aa se saa mange unge mennesker innesperra, men flott aa moete smila deira og se haapet i auga. I dag, torsdag, har vi vore aa jobba for Homes of Hope. Eit tilfluktsted for single moedre og deira barn. Vi har jobba hardt i varmen som boender. Vi skal tilbake til samme stad i morra, men da jobbe tilknytta skulen og bakeriet dei har der. Utroleg flott plass oppi fjella!
Loerdag er tida i Suva over og Yasawas staar for tur. Trur kanskje det blir godt aa ikkje vere den einaste kvite rundt om kring igjen. Litt mindre oppstyr der kanskje! Bless you all!
Thursday, 27 January 2011
Saturday, 22 January 2011
Outreach går unna!
I morra forlet vi landet som består av to øyer til fordel for eit land som er øyer, Fiji. I New Zealand har vi funne det trygt og godt å halde oss til ei øy, Sørøya, så overgangen til øyhopping i Fiji skal bli interessant. Tida vil vise, men først litt om det som allereie har hendt!
Vi har altså gjort øyhopp (i eintal) i fem veker no. Vi tok bilen fatt og satte kursen sørover frå Oxford og basen. Det tok oss ikkje lange tida (to dager) før Te Anau blei vårt tilhaldsted. Den lille byen ved innfarten til det som kiwiene kaller Fiordland (etter det norske ordet fjord, men som dei ikkje har lært seg å stave riktid endå…) såg ut til å sove litt før storinnrykket av turistar truleg venta. Etter nokre dagar og ein sped start på relasjonsbygginga, drog vi vidare til turistbygda Milford Sound. Bygd kan det vel strengt tatt ikkje kallast. Trur hamn, eit hotell og ein lodge/campingplass dekker det meste. Nei, vent… dei hadde jammen klart å presse ned ein flyplass i mellom fjella også. Av heimelege samanlikningar trur eg at eg vil trekke fram Hyen. To dalar som møtest i inste enden av ein fjor. Men der stoppar nok og all likheit brått opp. Fjorden her som dei kallar ”Sound” fordi Cook & Co ikkje viste heilt kva dei dreiv på med når dei oppdaga området har ingen vegar langs land, men du kan derimot nærmast hoppe frå båt til båt utover. Busslasta kjem tett og 8-9 små og store cruisebåtar vil ta deg ut og inn fjorden i akkurat den lengda eit kvart forundra turistauge vil ønskje. Fiordland har fleire fjordar, men her lager dei big business av den einaste med nokolunde god tilkomst. Spørsmålet som sitt att i mitt hovudet er: ”Kvifor reiser folk frå Europa verda rundt for å sjå dette når dei i staden kan dra til Noreg?” No skal eg ikkje føre urett mot Milford Sound. Det er utvilsamt ein flott fjord. Og 8 meter med regn i året setter eit livleg preg på fjellsidene, både når det kjem til skred og fossefall. Dagen før vi kom var vegen stengt og perioden var prega av det verste regnværet på to månadar. Eg har aldri sett så mykje vann komme ned ovanfrå. Kanskje er det ikkje berre kraftverka som burde sjå seg tent med meir nedbør i heimelege traktar?
For ein nasjonalromantisk nordmann i NZ så har det definitivt vore stunder der eg lurar på kvifor eg har dratt verda rundt for å sjå dette. Da hjelper det å tenkje på kva som er hovudfokus med outreach. Vi reiser rundt med det for auge å møte backpackere, stifte relasjonar og bruke dei moglegheitene vi får til å dele trua vår. I så måte vart Milford Sound eit startskot for meg. Eg fekk god kontakt med Antonia, Kim og Konrad, alle frå Tyskland. Sistnevnte traff vi igjen heile tre ulike stadar. Kvart einaste stad vi kjem er det nye fjes og nye fantastiske folk å bli kjent med. Backpackere i vår alder er så utroleg søkande og opne. Mange reiser rundt i verda med brutte relasjoner frå nær fortid i bagasjen, nokre prøver å finne meininga med livet og andre vil berre sjå noko nytt. Uansett så gjev det oss nokre fantastiske moglegheiter. Det er gøy å sjå kor lite som skal til før det faktisk betyr noko. Ein liten oppmerksomhet eller ein invitasjon til å joine oss til middag, nokon gongar er rett og slett eit smil nok. Uansett så føler vi oss så velsigna av alle dei fantastiske folka vi har fått bli kjent med i New Zealand. Trur eg har mastergrad i å seie farvel no, men forhåpentlegvis betyr ikkje det at eg ikkje kjem til å sjå nokon av dei igjen. Kanskje nokon av dei har innsett at Norge er landet å reise tilJ
Vidare frå Fiordland drog vi til Queenstown, adrenalinrushets hovudstad. Byen skapte ramma rundt vår julefeiring og dersom du framleis ikkje veit korleis det gjekk til så heng du ikkje akkurat rundt på bloggen min (einaste innlegg i løpet av dei 5 siste vekene). Turen gjekk deretter vidare til Wanaka, eit litt meir laidback turiststad, og meir tradisjonelt naturbasert. Fantastiske rammer for ei nyttårsfeiring som dessverre var prega av veldig mange fulle unge kiwis. Stedet såg ut til å vere eit trekkplaster for heile regionen og ungdommar heilt ned i 14-15 år prøvde å gå gatelangs (ofte meir på tvers). Det roa seg over nyttår og backpackere var igjen lettare å finne. Av høgdepunkt må det nemnast overnatting på Aspiring Hut og seiling med katamaran på Lake Wanaka. Størts av alle var likevel den utrolege stemninga på det eine hostellet vi budde på. Vi laga cookies til alle, og deretter laga venskap og diskusjonar seg sjølv. Gud var definitivt med på festen! Dagen der på blei ei Leonie bedt for etter gjentatte påminnelser frå Gud, og det initiativet var alt som skulle til før ho gav seg over til Gud. Etterpå reiste ho med oss i to dager! Eg vil også huske Maaike som straks etter at ho skjønte eg var kristen fyrte på med spørsmål. Etter mange samtaler, eit besøk i Puzzleworld og felles middag forlot vi ei jente som var gira på å lese i bibelen ho nettopp hadde fått. Eg er så stoked, fordi i skrivande stund er ho på veg til Auckland kor ho skal jobbe som aupair i ein kristen familie i eit halvt år. Spennande!
Queenstown |
Wanaka til Takaka (ja, namna er på Maori og ikkje alle like lette som desse) blei unnagjort på to dager via vestkysten. Franz Josef Glacier vart via eit lite besøk ved fronten. For den breinteresserte kan eg fortelje at også denne består av is, snø og stein og har ein lei tendens til å trekke seg tilbake. Men breen ender derimot her i noko som må kunne kallast regnskog. Dette er også truleg årsaka til at vegetasjonen kjem mykje raskare tilbake når breen trekk seg tilbake.
Takaka kan på mange måtar samanliknast som eit hippieprega Dombås (kryss). Kan derfor trygt seie at staden ikkje akkurat tok kaka, men likevel tenestegjorde som opphaldstad i påvente av å gå ein av New Zealands great walks ”Abel Tasman”. Vi starta besøket i nasjonalparken med ein dag med kajakkpadling. Ikkje verste sorten akkurat, eventyrstrender i kvar ei bukt og i alle fall ein pingvin symjande i sjøen (førstehands observasjon). Dei neste fire dagane vart brukt tramping (New Zealandsk utrykk for hiking) i nasjonalparken. 30 000 teltgjester i året satt dessverre eit lett turistaktig preg på området.
No skulle eg etter planen fortsette med å fortelje om Hangdog, ein kaltrecamp vi var i den siste veka, men etter at mykje anna har blitt gjort innimellom bloggskriving er no klokka litt elleve på kvelden og vi forlet skulen klokka 3 i natt. Så eg trur eg oppsummerer med at også den veka var god, bestod av klatring, steinovnsbakte boller og slakklinegang over ei elv. Snipp snapp snute så var forteljinga ute!
Nye oppdateringar kjem truleg ikkje før ved tilbakekomst frå Fiji om tre veker.
Subscribe to:
Posts (Atom)