Tuesday, 28 December 2010

Julefeiring i Queenstown


Julefeiring på den sørlege halvkule er unekteleg spesielt. Ikkje berre gjør sol og sommar ein effektiv slutt på julestemninga, men også det faktum at jula bli feira over berre to dagar og ikkje to veker slik som heime. Queenstown er dessutan ein turiststad av dei sjeldne, og dei fleste av dei gjer lite ut av jula. Mange vel tilsynelatande å gå forbi jula i stillheit. Derfor er det ekstra godt å kunne gje dei ei lita følelse av jul og av å bli satt pris på. Første juledag om morgonen delte vi gåver. Vi hadde ei jente frå Sør-Korea og ein mann frå San Diego i vårt rom den dagen. Begge godt vaksne, kanskje rundt 30. Sidan dei reiste aleine hadde vi kjøpt inn ei lita gåve til kvar av dei, noko vi tydeleg kunne sjå at dei satt stor pris på. Og middagen den dagen blei delt med to muslimske gutar frå Oman. Vi feira med å lage heimelaga potetstappe, biff og gulrotstuing. Til dessert vart det pannekaker med jordbær og is. Det blei ein fest og noko eg trur Muhammed og Abdul vil huske lenge.

Av ting som har betydd mest for meg i jula, så trur eg at eg vil nemne to ting. Julaften gjekk eg til gudsteneste 23.30. Det var i den anglikanske kyrkja, så det minna ganske mykje om heime i Førde, sjølv om dei har meir liturgi her. Kyrkja var full av folk frå alle mogelege kantar av verda. Følelsen av samhald på tvers av alle verdshav i det Europa, Asia, Amerika og Oceania song eit vers kvar av ein julesong made my day. Ting nummer to er utan tvil julekakene og dei brente mandlane mamma sendte meg. Dei har vore til stor glede for mange personar vi har møtt dei siste dagane. Eg har ei fantastisk mor og ho fortenar all kreditt. 

I går/andre juledag/boxing day var dagen for å skeie litt ut. Så nokre pengar vart svidd av på shopping og nokre på aktivitetar. Derek og eg bestemte oss for å teste jet boats, noko vi ikkje angra på. Båten går opp mot 80 kmt, trenger berre 5-10 cm dypt vatn, køyrer gjennom ein kanyon og kan ta 360 i fart. Sjekk ut www.shotoverjet.com. Likevel var det ein annan ting som made my day. På kvelden ruslande rundt i sentrum med min nye roommate Tod frå Australia, tok vi inn i eit galleri av Tim Wilson. Namnet blei kjent for meg da eg såg nokre av hans kunstverk i eit anna galleri. I det eg gjekk tett innpå eit maleri for å studere det på nært hold så vart bildet med eitt mørkare. Eg stussa på kva som hendte, snudde meg mot paret i galleriet og spurte om det var ein av dei som dimma ned lyset. Etter litt spøk, innrømma mannen i 50 åra at det var han og han økte lysstyrken igjen. Det var akkurat som om bilde levde, fordi forskjellen i lysstyrken hadde ulike verknader på dei ulike plassane i bilete. Eg slo ein spøk at dette ikkje var mogleg og sa at eg trudde det også var ei lita lampe bak bilete. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg fekk plutseleg følelsen av at mannen eg stod ovanfor var kunstnaren sjølv. Ekstasen min var eit faktum da han bekrefta det. Tim Wilson in person. Eg har helst på han. Etter ein lengre samtale om kunst, Petter Northug, Milford Sound og Noreg gjekk plutseleg Tim (ja, eg føler vi er på fornamn) resolutt bort, tok det store bilete ned frå veggen, og viste meg at det var inga lampe på baksida. Eg kan ikkje huske at eg toucha bakken på veg ut av galleriet. Eg gjekk frå å vere opptatt av stilig design til bli ein kunstelskar. Denne mannen gjør ting med penselen eg ikkje trudde var mogleg. Så dersom du har mellom ein halv til to millionar kroner du ikkje heilt veit kva du skal gjere med, så kan eg med glede vere din rådgjevar. På ein betingelse,  at eg kan komme inn i stua di når eg vil.

Dersom nokon ønskjer å følgje teamet tettare i vekene som kjem, sjekk ut vår teamblogg www.teamkiwifiji.blogspot.com

Eg ønkjer alle ei fortsatt god jul og ei riktig god nyttårsfeiring med eit påfølgande godt år. 
See you!

Monday, 20 December 2010

Hei som tida går!

Eit friår er tydeligvis ingen garanti for å unngå tidsklemma. Etter å ha snike seg innpå og varsla sin eksistens utan at eg tok nemneverdi notis, tok den meg med eitt. No skal eg ikkje dramatisere dette for mykje, samanlikna med eksamenstid heime vert det heile framleis ei drope i havet. Den største konsekvensen er det nok De som lesarar har lidd, da bloggen blei nedprioritert. Eg beklagar dette på det sterkaste og ber alle såra om tilgiving;)

For å ta opp tråden kan eg fortelje at veka med Mark Parker og temaet ”Making God Lord” vart nok ei skikkeleg god veke. Ved å legge ned våre rettigheter til å velje alt sjølv i livet og innrømme synder gjør vi forholdet med Gud rett, og det blir lettare å høyre Guds plan for oss.

Etter dette har vi hatt veker med tema som ”Relationship” og ”Missions”. Det som har slått meg mest er at med bakgrunnen vi har i frå Vesten med mange år skule og berre basic kunnskap om bibelen for oss vil vi likevel komme langt dersom vi drar ut til den 3. verda som misjonærar. Det er mange ting vi vil vere i stand til vise eller lære vekk i ein slik setting. Så frå å bli ein ”sprø” ting nokon gjør, kjennest det no i alle fall ikkje heilt urealistisk. Når det er sagt, så er Europa kanskje den verdsdelen som per i dag trenger mest misjonærar etter Asia. Og det finnest utroleg mange forskjellige måtar å jobbe som misjoner. Som Chris Donaldson (baseleiar dei siste ti åra og no misjonær i Tyrkia) sa så bra: ”To be a missionary is not about the place but about the purpose of being there”.

Utanfor klasserommet har dei siste helgene gitt nokre fantastiske opplevingar. Ein søndag etter gudstenesta tok eg og tre andre ut i min lille bil. Målet var to timer unna i sørleg retning, men vel verdt det. Vi starta i godt overskya vær og dagen såg ut til å bli slik heilt til vi svinga vest og inn i fjellet. Med eitt var alle skyer vekke og majestetiske fjell openbara seg. Så våre fire-fem avslappa timer på Mt. Sunday også kalla Eldaros (Rohan) i Ringenes Herre var berre fantastiske.

Helga etter drog eg på eigenhand fire timer i sørleg retning. Målet var å sjå New Zealands høgste fjell Mt.Cook på nært hald. Også denne turen starte med overskya, men blei brått endra til sol og glede. New Zealand ser ut til å ha eit ganske vanleg fenomen der tilsvarande i Norge ville bety at Vestlandet har regn og Austlandet har skyer, mens Langfjella ligger bada i sol. Dessverre er nok dette tilfelle ikkje veldig vanleg heime.  Natta blei tilbrakt på ei hytte 1800 meter over havet og solnedgangen med Mt. Cook i augesjå var upåklageleg. Mt. Cook har ei fjellside som nesten strekker seg 3000 meter opp i frå dalbotnen, noko som rett og slett er imponerande.

No har vi starta utreisefasen. Etter opprydding, vasking og avslutning tok vi farvel med resten av klassen på laurdag. Det var rart å ta farvel, men heldigvis skal vi sjåast igjen ei veke i februar før vi tek endeleg farvel. Kan ikkje sei anna enn at eg gleder meg til den veka allereie. Til å høyre alle historier frå misjonsmarken. 11 veker skule har gått så fort. Men no er det berre fem av oss, og that’s it. Vi skal oppleve mykje spennande i lag dei neste åtte vekene. Først skal vi tilbringe fem veker i New Zealand og deretter tre på Fiji. Målet er å aktiv oppsøke andre backpackere og stifte relasjonar med dei, for så å kunne dele vår tro og Guds kjærleik med dei. Til no er det mest nemneverdige dei to israelittane vi tok opp frå vegkanten. Ein time i lag i bilen gav rom for ein hyggjeleg samtale.