Monday, 4 October 2010

Verden! Her kjem eg!!!

Finvêret slo til igjen… du verda hausten kan vere fin den òg, når vêrgudane har fått dårleg samvittigheit pga av sommaren og verkeleg slår til. Ikkje det at eg var bekymra når eg forlét Førde til fordel for den sørlege halvkule og vår… hausten ”is soon back on track” tippar eg. I alle tilfelle gjor været at flyturen mellom Førde og Gardemoen vart av dei sjeldne opplevingane. Med utsikt til Gjegnen, Sunnmørsalpane, Jostedalsbreen, Hurrungane, Snøhetta, Rondane, Folgefonna og Gaustadtoppen ­­+++ på ein gang gjør seg.
I Oslo tok snille Karen Marie imot ein kokkelerande  loffar med ein hyggjeleg kveld som resultat. Kristina kom også innom og delte gladelig ut ein avskjedsklem. Tone Marit: desse jentene her tar telefonen;)
Oslobesøket gav også moglegheit til å trene enda meir på vere turist. Blant anna tok eg generalprøven blant operabesøk. Sjølv om eg er ueining i at den verdt 10 milliardær kroner, mens eit vinter-OL tydelegvis ikkje er det, så skal eg gladeleg innrømme at det er litt av eit praktbygg. Bilete blei tatt og kvar ein krok blei saumfart, også dei fasinerande vaskane på toaletta.







Heading for London

13 timers overgangstid i på Heathrow vart utnytte i form av eit Londonbesøk. Grei by – mange gamle bygningar, men også ein gammal underground som ikkje held mål. Intimgrensene ovanfor heilt ukjente folk blei definitivt minimalisert både på perrong og tog. NSB har likevel noko å lære, trur det eller ei. På stasjonane står det berre oppgitt kor mange minutt det er til neste tog går. På den måten går det ikkje ann å påstå at toget ligger etter ruta. At det derimot gjerne kan stå oppgitt eitt minutt som  ventetid på tavla i fem minutt skal man ikkje bry seg så mykje om…. I England køyrer dei på venstre side, slik dei også gjer i Australia og New Zealand. Dei viker openbart til vestre på fortaua også, noko som resulterte i at ikkje så reint få Londonborgarar holdt på å bli stanga ned den dagen eg var i byen. Ikkje berre er britane sære som ikkje gir slipp på venstrekøyringa, men dei eig ikkje fornuft. For i rulletrappene skal man plutselig vike mot høyre dersom man ikkje vil gå i trappa. Her viker altså den saktegåande trafikken inn mot motsatt køyreretning. Det er jo totalt ulogisk!!!  Kanskje litt drøyt å vektleggje dette så mykje i innlegget, men eg finner observasjonen så oppsiktsvekkjande at den måtte delast.






The Aussies is awesome

Vi seier ofte at verden blir mindre og mindre. Onsdag 29. september til fredag 1. oktober la alt grunnlag for dette uttrykket totalt i ruiner. Eg drog frå London onsdag kveld og landa i Sydney fredag morgon. Med bensinfylling i Bangkok tok flyturen 23 timer!!! Og enda var eg ikkje framme. Konklusjon: Verden er framleis stor! I Sydney møtte eg Eigil Instebø og angedølingen kom med mykje god pizza! Utroleg snillt gjort og utroleg godt etter mykje kjip flymat. Om Sydney kan det fortelles at operaen ikkje er i nærheten av å leve opp til den norske. Resten av byen er derimot veldig flott og mykje flottare enn London. Dessutan har alle toga på undergrounden to etasjer, så her er det faktisk plass til alle folka. Byen har 200 000 studentar så folk finnes det nok av. Og toga kom og gjekk til riktig tid også… imponert! Dessutan viker folk til venstre i rulletrappa dersom dei vil stå i ro… awesome!!! The Aussies have got it!!! Sydney er definitivt ein by eg ser fram til å komme tilbake til i februar. Dessutan er jentene her way more cute enn i London.

I Bangkok vart vi møtt med 28 grader og ein luftfuktighet langt over det som sunt er. Denne skyen tok også mykje av oppmerksomheten i avgangshallen.




The Aussies have got it!



Monday, 27 September 2010

Øving gjør mester

Som dei fleste sikkert veit er det viktig å trene eller øve på ein ting før det virkelig gjelder. Børge Ousland svømmer med overlevelsesdrakt før Nordpolekspedisjoner, Liv Arnesen drar bildekk gjennom marka før Sørpolekspedisjoner og Jarle Trå øver på å knyte sko med ti tommeltotter... huff, det var stygt sagt. Eg drog derimot til Bergen for å trene på å vere turist. Tenkte 2,5 timer i bil og ei helg i vestlandets hovudstad var ein grei og relevant trening før eg skal reise halve verda rundt.

Sjølv om det for min del ikkje var snakk om noko ekspedisjon eller høy fjelltur så er ikkje fjellvettreglene å forakte. Eg valgte i alle fall å lytte til ein av dei - eg sjekka værmeldinga. No burde jo det eigentleg vere heilt unødvendig når man skal til Bergen, man kan vel berre anta at det blir regn. Mot alle odds visste meldinga SOL og eg drog utan vasstett jakke! Dersom nokon har tatt ein slik sjanse til no i verdshistoria, så let me know!!!

I løpet av litt over eit døgn i byen opplevde eg Stoltzen, Fløyen, å komme for seint til Morvikbakeren, såg bybanen, båttur på byfjorden med middag på Askøya, å komme for seint til båten til Ole Bulls heim, Ulven Leir, konglomeratfelt, Lysekloster, Fana Fjell og Flesland. Eg må spesielt trekke fram utsynet frå Fløyen ein klar haustdag og synet av Bryggen i Bergen from seaside in early sunset som flotte opplevingar. Nokre lesarar (dersom dei finnest???) vil kanskje reagere på at det ikkje blir lagt ut bilder av desse opplevingane, men som alle veit er det viktig med ein naturleg progresjon i opptreninga. Eg valgte derfor absolutt 100 % bevisst å ikkje ta med kamera på denne turen, da eg må beherske eit turistliv utan kamera før eg kan ta steget opp blant japanarane. Dessutan er dei fleste av oss sterkt tjent med at det ikkje kjem ut bilder av Bergen by i den befatninga...

Heilt avslutningsvis krever alle store prøvelser ein takkeseksjon eller kva vi skal kalle det. Eg vil derfor takke mitt reisefølgje Pappa for at han stod (dvs. satt) ved min side store deler av turen, Bestemor for eksemplarisk losji, Onkel Nils for nydeleg båttur, Øystein for underholding på Stoltzen og Tor Inge for omvisning i komglomeratfeltet. I tillegg må eg rette ein stor takk til Mia og Tone Marit som begge lot vere å ta telefonen når eg skulle seie i frå om at eg var i byen. Venner som ikkje tar telefonen gir det  heile eit realistisk preg og setter turisten i krevjande og lærdomsfulle situasjonar, takk!

Nokre lesarar (igjen dersom dei finnest?) vil kanskje reagere på at eg hadde vel mykje kontakt med kjentfolk i løpet av denne treninga til å reise jorda rundt aleine, men da vil eg berre seie "one step at a time"... Eg reiser om to dager!!! Wheeee!!!

Wednesday, 22 September 2010

Toppturer

Toppturer på sommeren er toppen. Når sommeren kjem når du minst venter det (i september!) så gjør det ekstra susen. Fanaråken, Storebjørn, Grovabreen, Gjegnen og Storehesten på litt over ei veke må kunne kallast GREIT:)

 
Storebjørn 2222 moh. 


Tidenes leirsted rett under Grovabreen... skal tilbake hit med telt:)


Trur pappa blei gira på meir blåisvandring

Langt ned til Kjøsnesfjorden






Dagen etter Grovabreen var det tid for tur på Gjegnen




Saturday, 21 August 2010

i live livet

Det står august på kalenderen, Arena 2010 er ferdig og nettene er ikkje lenger lyse nok til å gå på fjellet. Alt dette skulle normalt tyde på at studiane tar til igjen, men den gang ei:)

Riktig nok er det nokre veker igjen av sommerjobben, men Arena 2010 markerte på mange måter starten på mitt friår. Eit år heilt utanom det vanlege, eit år utan viktige eksamnar, eit år der årstida vår kjem både før og etter sommaren.

Temaet på årets Arena var ilive. Ole Magnus Olavsrud snakka på lederdagane om å leve i live livet. Om å leve eit liv med kristus. Valet om å ta eit friår for å kunne gå på bibelskule handler nettopp om dette. Om å ønskje å leve eit liv i live resten av livet. Bibelskulen vil forhåpentligvis gje mykje påfyll og eit enda betre fundament for å leve eit slikt liv.

Superlørdag
Friluftsnattverd under lederdagane
Kveldsmatch på beachbana