Som dei fleste sikkert veit er det viktig å trene eller øve på ein ting før det virkelig gjelder. Børge Ousland svømmer med overlevelsesdrakt før Nordpolekspedisjoner, Liv Arnesen drar bildekk gjennom marka før Sørpolekspedisjoner og Jarle Trå øver på å knyte sko med ti tommeltotter... huff, det var stygt sagt. Eg drog derimot til Bergen for å trene på å vere turist. Tenkte 2,5 timer i bil og ei helg i vestlandets hovudstad var ein grei og relevant trening før eg skal reise halve verda rundt.
Sjølv om det for min del ikkje var snakk om noko ekspedisjon eller høy fjelltur så er ikkje fjellvettreglene å forakte. Eg valgte i alle fall å lytte til ein av dei - eg sjekka værmeldinga. No burde jo det eigentleg vere heilt unødvendig når man skal til Bergen, man kan vel berre anta at det blir regn. Mot alle odds visste meldinga SOL og eg drog utan vasstett jakke! Dersom nokon har tatt ein slik sjanse til no i verdshistoria, så let me know!!!
I løpet av litt over eit døgn i byen opplevde eg Stoltzen, Fløyen, å komme for seint til Morvikbakeren, såg bybanen, båttur på byfjorden med middag på Askøya, å komme for seint til båten til Ole Bulls heim, Ulven Leir, konglomeratfelt, Lysekloster, Fana Fjell og Flesland. Eg må spesielt trekke fram utsynet frå Fløyen ein klar haustdag og synet av Bryggen i Bergen from seaside in early sunset som flotte opplevingar. Nokre lesarar (dersom dei finnest???) vil kanskje reagere på at det ikkje blir lagt ut bilder av desse opplevingane, men som alle veit er det viktig med ein naturleg progresjon i opptreninga. Eg valgte derfor absolutt 100 % bevisst å ikkje ta med kamera på denne turen, da eg må beherske eit turistliv utan kamera før eg kan ta steget opp blant japanarane. Dessutan er dei fleste av oss sterkt tjent med at det ikkje kjem ut bilder av Bergen by i den befatninga...
Heilt avslutningsvis krever alle store prøvelser ein takkeseksjon eller kva vi skal kalle det. Eg vil derfor takke mitt reisefølgje Pappa for at han stod (dvs. satt) ved min side store deler av turen, Bestemor for eksemplarisk losji, Onkel Nils for nydeleg båttur, Øystein for underholding på Stoltzen og Tor Inge for omvisning i komglomeratfeltet. I tillegg må eg rette ein stor takk til Mia og Tone Marit som begge lot vere å ta telefonen når eg skulle seie i frå om at eg var i byen. Venner som ikkje tar telefonen gir det heile eit realistisk preg og setter turisten i krevjande og lærdomsfulle situasjonar, takk!
Nokre lesarar (igjen dersom dei finnest?) vil kanskje reagere på at eg hadde vel mykje kontakt med kjentfolk i løpet av denne treninga til å reise jorda rundt aleine, men da vil eg berre seie "one step at a time"... Eg reiser om to dager!!! Wheeee!!!